Utdanning/forskning

Kven er det som ikkje deltek i det digitale samfunnet?


Publisert: 08. juli 2013

Kven deltek ikkje i det digitale samfunnet? (Illustrasjon: iStockphoto)Kven deltek ikkje i det digitale samfunnet? (Illustrasjon: iStockphoto)

Deltasenteret lyser ut forskingsoppdrag for å finne ut kven det er som ikkje deltek digitalt.

Julegåver, feriereiser og konsertbillettar er varer og tenester mange kjøper via internett. Dei fleste nyttar nettbank og levere sjølvmeldinga elektronisk.

Spel og app'ar på mobiltelefonar og pad'ar, kontakt med kjende og ukjende og deling av bilete og informasjon på sosiale media er daglegdags for svært mange nordmenn.

Regjeringa har òg vedteke at digital kommunikasjon skal vere hovudregelen for kontakt med det offentlege og arbeider med å etablere sikre nok digitale postkassar.

I det daglege møter vi og ei rekkje situasjonar der ein sjølv må greie å bruke ulike digitale løysingar som å kjøpe togbillettar eller sjekke inn på fly.

Deltasenteret arbeider for at alle skal kunne delta i samfunnet på lik linje. Dette gjeld òg i det digitale samfunnet. Vi ønskjer difor å finne ut av kven det er som ikkje deltek og kvifor, og har lyst ut anbodskonkurranse om utgreiing av feltet.

Frist for å levere tilbod er 15. august.

Sjå Doffin for konkurransegrunnlag og nærare opplysningar om oppdraget.

Kopirett © 2017 Universell Utforming. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.