Samferdsel

47 nye bussar med uu i Nordfjord


Publisert: 19. juni 2014

Slik blir dei nye bussane i Nordfjord. (Bilde: Sogn og Fjordane fylkeskommune)Slik blir dei nye bussane i Nordfjord. (Bilde: Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Sogn og Fjordane fylkeskommune vil frå 23. juni rulle ut 47 nye bussar med universell utforming og høgste tilgjengelege standard for utslepp.

Bussane som vert å sjå i store delar av Nordfjord frå i sommar av, er det Firda Billag som vil køyre på dei fylkeskommunale bussrutene i Selje, Vågsøy, Eid, Hornindal og Stryn.

Også designet på dei nye bussane er nytt. Dei grafiske elementa er i ulike blåtonar. Dei symboliserer bølgjer, fjord, fjell og hav og er baserte på den grafiske profilen til fylkeskommunen.

– Vi gler oss til å få nye bussar med ny dekor ut på vegane. Bussane skal vere lette å kjenne att for folk i fylket, og vi håpar både utsjånaden på og komforten i bussane fell i smak. Vi har jobba med dette bussanbodet i fleire år no, og det blir difor kjekt å sjå at bussrutene startar opp, seier fylkesdirektør for samferdsle, Velaug Veum.

Bussane er universelt utforma, noko som betyr at dei er tilpassa alle brukarar, også funksjonshemma med rullestol.

Det vert automatisk haldeplassopprop om bord i bussane. Neste haldeplass vert kunngjort automatisk med både tekst og tale. I tillegg er bussane utrusta med teleslynge og trepunkts bilbelte på alle sitjeplassar.

– Det er gledeleg å kunne tilby reisande i Sogn og Fjordane både tryggleik, komfort og universell utforming, seier Veum.

Kopirett © 2017 Universell Utforming. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.