Produkter

Deltasenteret delte ut prisar


Publisert: 18. april 2013

ÅRETS UNGE TALENTER: Fra høyre Nima Shahinian, Maren Skyrudsmoen, Jan Kristian Strømsnes, Camilla Monrad-Krohn, Manuela Aguirre, Edvin Klasson og Ola Brandsnes.ÅRETS UNGE TALENTER: Fra høyre Nima Shahinian, Maren Skyrudsmoen, Jan Kristian Strømsnes, Camilla Monrad-Krohn, Manuela Aguirre, Edvin Klasson og Ola Brandsnes.

Bilbatteriladar, stikkontakt og ein ny type emballasje for medisinar er produkta som fekk Design for alle-pris i år. Prisutdelar var Deltasenteret i samarbeid med Norsk Designråd.

Norsk Designråd deler ut merket for god design. Dei som kvalifiserer seg til merket, kan søkje om å bli vurdert også til Design for alle-prisen.   

– Dette er ein pris som løfter fram designarar og produsentar som tar på alvor at vi menneske er ei mangfaldig gruppe, med ulik kunnskap, erfaring og funksjonsevne, seier Åse Kari Haugeto, leiar av Deltasenteret.

Unge talenter-prisen går i år til Maren Skyrudsmoen og Camilla Monrad-Krohn for prosjektet Cinsona. Produktet er ein ny emballasje som skal minske faren for feilbruk av medisinar. Emballasjen er redusert ned til éin del, der all nødvendig informasjon er integrert.



Den gikk og til Nima Shahinian for prosjektet Flow, som er ein stikkontakt med ei form som gjer han lettare å bruke for alle, spesielt for menneske med nedsett finmotorikk eller dårleg syn. 

Design for alle-prisen går til ein produsent. Den gjekk i år til DEFA AS og WORK med «SmartCharge». Dette er ein ny type ladar for bilbatteri, som skal vere sjølvforklarande i bruk.

Kopirett © 2017 Universell Utforming. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.