IKT

Ny nettstad for Sogn og Fjordane


Publisert: 18. juni 2015

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan no ynskje velkomen til nye og universelt utforma nettsider.

– Vi har teke utgangspunkt i brukaren når vi har laga heimesida. Du skal lett finne det du leitar etter hjå oss, seier fylkesrådmann Tore Eriksen til Ytre Sogn Avis.

På adressa www.sfj.no får du no lett tilgang til informasjon om tjenester, politikk og aktuelle hendingar i Sogn og Fjordane.

Lett tilgjengeleg og brukarvenleg informasjon på god nynorsk – for alle – er målet med den nye nettstaden.

Nettstaden fyller krava til universell utforming og kvalitetskrava til Difi. Det er òg lett å ta kontakt med fylkeskommunen gjennom nettstaden. Og den fungerer på mobil og nettbrett.

Prosessen har vore ein stor og viktig dugnad for heile sentraladministrasjonen, med produksjon av webtilpassa innhald.

Kjelde: Ytre Sogn Avis

Kopirett © 2017 Universell Utforming. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.