IKT

Digitalisering for alle?


Publisert: 06. juni 2014

I første omgang er det løysingar som vert bestilt eller kjøpt frå 1. juli 2014 som skal følgje krava.I første omgang er det løysingar som vert bestilt eller kjøpt frå 1. juli 2014 som skal følgje krava.

Alle private og offentlege verksemder må frå 1. juli 2014 legge til rette for at nettsidene og automatane deira er tilgjengelege for flest mogeleg.

Svært mange skal følgje det nye regelverket til universell utforming av IKT, og kjennskapen til dei nye reglane er enno låg.

Dette kjem fram i Difi sin rapport Digitalisering for alle?, som bygger på intervju av 1150 private og offentlege verksemder om kjennskap til det nye regelverket og bruk av IKT i kontakt med publikum.

Nye krav om universell utforming av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) skal sikre at nye nettløysingar og sjølvbeteningsautomatar blir universelt utforma. Tilsyn for universell utforming av IKT i Difi vil frå 1. juli kontrollere om regelverket vert følgd.

Regelverket gjeld svært mange

Det er opp til 80 000 verksemder som skal følgje det nye regelverket. Det betyr at dette gjeld svært mange, og den største gruppa er daglegvarehandelen. Vidare er offentleg administrasjon og helse store grupper som skal følgje dei nye krava. Sistnemnde har stor tyngde innan personretta tenesteyting, og mange verksemder her vurderer Internett som viktigast kanal for informasjon og kommunikasjon.

Privat sektor skal også følgje dei nye reglane.

Innan bank, forsikring, eigedomsformidling og annan forretningsmessig tenesteyting er Internett ein svært viktig informasjons- og kommunikasjonskanal. Her er det mange som driv personretta tenesteyting.

Også sjølvbeteningsautomatar skal vere universelt utforma. Mest utbreidd er betalingsterminalar.

Kjennskapen til det  nye regelverket er låg. Lågast kjennskap finn vi i den største næringsgruppa dette gjeld; daglegvarehandelen.

Kvifor dette regelverket?

Regelverket er innført for å sikre likeverdig deltaking i det nye, digitale Norge.

 - Digitalisering og sjølvbetening er ein del av samfunnsutviklinga, og vi jobbar for eit samfunn utan digitale barrierar, seier leiar for tilsynet, Malin Rygg. 

- Jo meir funksjonalitet som finst på nettstaden, jo høgare er digitaliseringsgraden og dess meir krevjande er løysinga for brukaren. Universell utforming skal sikre  at du ikkje stenger nokon ute, og dette er dessutan ein gevinst på lang sikt for verksemdene. Dei får fleire potensielle brukarar og eit større nedslagsfelt, seier Malin Rygg.

Forskrift for universell utforming av IKT er heimla i lov om forbud mot diskriminering på grunn av nedsatt funksjonsevne (diskriminerings- og tilgjengelighetslova).

Tidsfristar

I første omgang er det løysingar som vert bestilt eller kjøpt frå 1. juli 2014 som skal følgje krava.

Eksisterande løysingar skal vere universelt utforma frå 2021. Dei som er ansvarlege for løysingar som allereie eksisterer, må følgje krava når dei oppgraderer eller byter ut løysinga. Alle må difor sette seg inn i dei lovpålagde standardane, og planlegge korleis dei kan legge til rette for universell utforming i deira digitale kommunikasjon.

Tilsynet for universell utforming av IKT i Difi erfarer at det er ei auka bevisstheit om universell utforming no og får fleire og fleire førespunader.

Det er likevel eit stort behov for rettleiing og informasjon. Tilsynet legg stor vekt på dette, blant anna gjennom tilsynet sin hovudkanal uu.difi.no der uu-skolen gir forslag til korleis alle verksemder kan følgje krava i forskrifta.

 

 
Kopirett © 2017 Universell Utforming. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.