God lokal praksis

100 000 frå Kartverket til uu


Publisert: 23. september 2015

100.000 kroner skal gå til å gjera dei flotte uteområda i Sogn og Fjordane tilgjengeleg for alle. (Foto: Selje kommune)100.000 kroner skal gå til å gjera dei flotte uteområda i Sogn og Fjordane tilgjengeleg for alle. (Foto: Selje kommune)Sogn og Fjordane fylkeskommune har fått 100 000 kroner frå Kartverket til å styrke arbeidet med universell utforming og tilgjengelegheit i friluftsområde i kommunane.

– Vi ønskjer å bidra til at alle skal ha same tilgangen til dei flotte uteområda i fylket vårt. Difor vil vi no kartleggje kor godt utvalde skianlegg og badeplassar er tilrettelagde for menneske med nedsett funksjonsevne, og i kor stor grad dei oppfyller krava til universell utforming, seier prosjektleiar Jo Tore Kristoffersen til Ytre Sogn Avis.

Målet er å gjere det enklare for kommunane og andre å leggje til rette for fysisk aktivitet for alle.

Prosjektet Sogn og Fjordane fylkeskommune no startar opp er ei oppfølging av fylkets plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2014-2017 kala «Fysisk aktivitet for alle».

Kjelde: Ytre Sogn Avis

Kopirett © 2017 Universell Utforming. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.