God lokal praksis

Gamal postveg får pris


Publisert: 23. september 2015

Postvegen i Kvinnherad er 2,5 mil lang og kan brukast av alle. (Faksimile frå avisa Sunnhordland)Postvegen i Kvinnherad er 2,5 mil lang og kan brukast av alle. (Faksimile frå avisa Sunnhordland)    I Hordaland får torsdag Den gamle postvegen gjennom Kvinnherad ein kulturpris. Vegen er universelt utforma.

Prisen på 50.000 kroner vert delt ut i Rosendal av fylkesman Lars Sponheim. Før utdelinga vert det ein synfaring langs vegen med buss og til fots.

Dei siste 20 åra har mange bønder og grendelag i fylket arbeid med felles tiltak for å restaurere og gjera infrastrukturen betre i landskapet. Desse infrastrukturtiltaka er med å fremje trivsel og folkehelse.

Postvegen gjennom Kvinnherad er eit prosjekt som har opna opp og lagt til rette for at alle kan bruka dei ulike kulturlandskapa ein finn langs dette 2,5 mil lange kulturminnet.

Postvegen har universell utforming, slik at også dei som brukar rullestol ikkje er avhengig av hjelp for å ta seg fram langs vegen. Det er berekna at det årleg vert gått mellom 10 000 og 15 000 turar på vegen.

Vegen går innom tun, langs bekker og større elvar, over bruer og inn på beite, slåtteteigar og store åkrar, forbi skular, sjukehus, hagar og idrettsanlegg. Vegen går også gjennom nesten urørt skog og over høgder med fantastisk utsikt.

Kjelde: Avisa Sunnhordland

Kopirett © 2017 Universell Utforming. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.