God lokal praksis

Har kartlagt uu-turvegar i fylket


Publisert: 09. januar 2014

Heftet har gode kart og ei rekke illustrasjonar.Heftet har gode kart og ei rekke illustrasjonar.Tilrettelagde og sentrale turvegar kan gjere «dørstokkmila» kortare for mange menneske. I Sogn og Fjordane er mange av turvegane no kartlagt.

Fylkeskommunen, Fylkesmannen og kommunane i Sogn og Fjordane har i haust saman laga eit flott hefte kalla «Sentrumsnære turvegar. Universell utforming i Sogn og Fjordane».

15 kommunar har vore med i prosjektet. Dei har kartlagt kvar sin turveg med omsyn til tilgjengelegheit og universell utforming. To av kommunane har kartlagt to turvegar.

Kommunane som har vore med, har registrert sentrumsnære turvegar som er, eller kan bli, universelt utforma. Turvegane vert grundig presenterte i rapporten.


– Vi har gode naturgitte føresetnadar for å vere utandørs her i fylket, og alle treng utandørs aktivitet. Visjonen for den nye regionale planen for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv er «fysisk aktivitet for alle». Då er god tilrettelegging for alle svært viktig, seier rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen, Atle Skrede.

 

Turvegar kan også vere viktige for å skape aktive bygder, auke bulysta og for å gjere reiselivet meir attraktivt.

Kartlegginga omfattar ulike typar turvegar, både fortauet i sentrum, snarvegen til barnehagen, sykkelvegen til skulen, gangstien gjennom parken og spaserrunden ved sjukeheimen.

Heftet inneheld også ei oversikt over aktuelle tilskotsordningar for utvikling av nærmiljø, turvegar og anlegg.

 

Her er ein lesevennleg nettversjon av heftet

 

Kopirett © 2017 Universell Utforming. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.