Publisert: 14. desember 2010 i Ressurskommunene - Ressurskommunene
Interessa var stor, med deltakarar frå fem kommunar, på ressurskommunen Stord sin dagskonferanse om universell utforming. Tema var "Korleis få det til?"
Kommunevåpenet til Stord.Alle Sunnhordlandskommunane var invitert, samt fleire av dei private verksemdene rundt i kommunane. Dei 78 deltakarane representerte fleire yrkesgrupper; det var arkitektar, fysioterpeutar, ergoterapeutar, arealplanleggarar, politikarar, ingeniørar og representantar for Rådet for funksjonshemma.
Konferansen 25. november hadde eit variert program med mange aktuelle tema belyst av flinke og inspirerande foredragshaldarar. Henriette H. Hansen, som er prosjektleiar for universell utforming i Stord kommune, fortel at tilbakemeldingane på konferansen har vore gode. - Me håpar difor at fleire vil ha eit større fokus på universell utforming i tida framover, seier ho.
Presentasjonane frå konferansen vil etter kvart bli lagt ut på Stord kommune si nettside for universell utforming.
Nordbygdo ungdomsskule - eit lokalt døme på universell utforming i Stord kommune. Foto: Camilla Larsson

