Kurs og konferanse

Konferanse kan skape einigheit


Publisert: 11. september 2014

Her er bygg- og anleggsgruppa som planlegger konferansen. (Faksimile frå avisa Mørenytt)Her er bygg- og anleggsgruppa som planlegger konferansen. (Faksimile frå avisa Mørenytt)

Byggebransjen og Ørsta kommune vil skipa til felles konferanse i staden for å krangle.

Universell utforming har skapt hovudbry for byggenæringa dei siste åra: ingen dørstokkar, breie dører, ingen trapper og snuplass for ein rullestol på badet.

– Utfordringa vår er at det er vanskeleg å oppfylle dei strenge krava når husa til dømes skal byggjast i krevjande vestlandsterreng, seier Karen Høydal (Ap) i Samfunnsutvalet i Ørsta kommune til bladet Mørenytt.

Einar Holsvik i bustadbyggefirmaet Norhus leiar også Bygg- og anleggsgruppa, ei foreining for bygg- og anleggsfirma i Ørsta. Han ønskjer at den nye lempinga regjeringa har gjort på byggekrava gjekk endå lenger.

Men Ørsta kommune ønskjer ikkje oppmjuking. I kommunen er mange glade for at reglane er som dei er, skriver Mørenytt.

– Dette handlar om kva slags samfunn vi ønskjer. Det er viktig at ein bygger bustader for heile befolkninga, og ikkje berre dei som er friske og raske, seier Karen Høydal i Ørsta kommune til avisa.

Ho er i utgangspunktet skeptisk til å mjuke opp dagens lovverk.

– Ho har mange gode poeng, men eg trur det er mogleg å finne ein gyllen middelveg, svarar Holsvik.

I staden for å krangle, er de to blitt einige om å skipa til felles konferanse om saka i oktober.

– Eg trur det er bra for alle at vi brukar ein heil dag på å diskutere desse tinga, og at vi får ekspertar frå fleire hald til Ørsta for å gi oss betre innsikt i problemstillingane, seier Holsvik.

Til konferansen kjem folk frå Høgskulen i Gjøvik, som driv forsking på universell utforming. I tillegg kjem mellom andre Deltasenteret og ein representant frå plan- og bygningsetaten i Ålesund kommune.

– Vi har ikkje gjort noko slikt før, og det skader iallfall ikkje å høyre på kvarandre i staden for å krangle, seier Holsvik optimistisk.

Kopirett © 2017 Universell Utforming. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.