Fylker og kommuner

Hordaland sitt mest attraktive turområde


Publisert: 17. desember 2015

Vardetangen er Noregs vestlegaste fastlandspunkt. Hit er det no tilkomst på universelt utforma veg. (Foto: Austrheim kommune)Vardetangen er Noregs vestlegaste fastlandspunkt. Hit er det no tilkomst på universelt utforma veg. (Foto: Austrheim kommune)Austrheim kommune har fått kåra eit av turområda sine til fylkets mest attraktive. Det er lett tilgjengeleg for alle.

Kommunen heilt nordvest i Hordaland sigra i kåringa gjort av fylkestinget.

– Dette er ei stor ære til alle som har stått på for å utvikle turområdet, seier folkehelsekoordinator Helge Dyrkolbotn. Han fekk prisen på vegner av kommunen.

Dyrkolbotn rosa både bygdelaget, friluftsrådet og grunneigarane som alle har gått heilhjarta inn i dette prosjektet.

Årvika-området byr på eit mangfald av aktivitetsmoglegheiter, i tillegg er det planar om endå fleire. Her er det stadig utvikling og fornying. Det er eit allsidig tilbod, med medverknad frå dei ulike målgruppene.

Ein universell utforma turveg ned til området gjer det lett tilgjengeleg for alle.

Utbetringa av friområdet i Austrheim er ein del av det treårige Liv og lyst-prosjektet i kommunen, som starta i 2013. Dette er eit samarbeid med Innovasjon Norge og Hordaland Fylkeskommune. Økonomisk bidrag frå Gjensidigestiftinga har gjord det heile mogleg.

 

Kilder: Avisa Nordhordland og Austrheim kommune

Kopirett © 2017 Universell Utforming. Alle rettigheter reservert.
Joomla! er fri programvare utgitt under GNU/GPL License.